Neste foredrag

Odeon-Sotra Kino på Sartor Storsenter

Tirsdag 8. september kl. 12.30


Monica Sanden, seniorforskar og forskingssjef ved Havforskingsinstituttet: 

"Korleis overvaker vi miljøtilstanden i havet og trygg sjømat – og kvifor er det viktig"


Monica Sanden er utdanna biolog, har vore fast medlem av vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) og leier i dag ei forskingsgruppe som arbeider med overvaking av miljøtilstand og sjømattryggleik i Noreg. Gjennom forskinga si arbeider ho med korleis miljøgifter og andre forureinande stoff påverkar livet i havet – og kva dette kan bety for sjømat og menneske.

Noreg har ei av dei lengste kystlinjene i verda og er ein av dei største sjømatnasjonane. Difor er det viktig å vite korleis havet vårt har det – ikkje minst i ei tid med store klima- og miljøendringar. I foredraget vil Monica fortelje om Havforskingsinstituttet sitt arbeid på dette området. Ho vil snakke om korleis vi følgjer med på helsetilstanden i havet, kva vi leitar etter, og korleis vi undersøker om sjømaten vi et er trygg. Ho vil ta med aktuelle døme frå Vestlandet og våre eigne fjordar.


Gratis adgang, kr 50 for ikkje-medlemmer.